
Glimt frå Kambodsja
Sidan det er mindre enn ein månad igjen i Phnom Penh fant vi ut at vi måtte spille inn litt Boomdeyada. Aslaug og Gøril tok difor med seg kameraet på jobb for å filme elevane på JJ. Tenk deg 42 søte, tillitsfulle, smilande og skøyaraktige ungar oppstilt for å synge "Boomdeyada..." Det var litt av eit kor, ikkje heilt samkjørt og litt i utakt her og der – men det er jo ein del av sjarmen og Boomdeyada-film det fekk vi!
Søndag møtte vi nokon av venane våre frå dormen utanfor "Phnom Penh Royal University". Kvar søndag kveld pleier ungdommar å samlast utanfor universitetet for å prate saman, spele badmington, ete snacks, gjere lekser eller berre "chille". Då tok vi like godt med oss kameraet igjen for å filme Boomdeyada. Denne gangen blei vi akkompangnert med gitar – og vips – eit nytt bidrag til boomdeyada-filmen! Vi hadde dessuten ei super tid saman med venene våre.
I går hadde vi ein fantastisk kveld. Søndag spurte Lysom oss om vi ville vere med på koreansk konsert. Same dag hadde vi fått vite at Phnom Penh var ein bra by for konsertar, så vi sa ja. Vi ante ikkje kva type konsert det var og viste ikkje kva vi kunne forvente, men vi troppa opp – klar for alt.
Vi blei veldig positivt overraska! Det viste seg å vere ein kristen lovsangskonsert m/tale (på koreansk og khmer...). Det var utruleg gøy å få vere med å lovsynge og prise Jesus saman med ca. 1000 kambodsjanarar. Det viser berre korleis kristendommen gror i landet.....
Vi har det veldig bra, men merkar at det er mykje som skal gjerast og burde vore gjort før vi reiser...
Svanhild og Rebecca jobber fortsatt med hav-veggen sin, Lilly har fått ei lita designer-oppgåve på Daughters, medan Gøril og Aslaug håpar at dei snart kan begynne med fotballmåla som dei skal lage saman med lærarane på JJ.
Bønneemner:
- Konferansen vi skal vere ein del av i byrjinga av mars (forhåpentlegvis får vi meir info om den på mandag.......)
- Tid til å bli ferdig med alle prosjekta våre før vi snur nasa mot nord
- Framtidsplanane våre
- Takke for alle dei nye venene våre, arbeidsplassane våre og alt vi har opplevd i Kambodsja – så langt.....
- Alle skal holde seg friske den siste tida













