
Første lovbrudd!!!
Møte med den kambodsjanske kulturen hår gått greit. Det er eit gap mellom generasjonane i forhold til korleis ein skal oppføre seg i samfunnet - ungdommane er blitt meir "vestlege". Så forskjellen mellom oss og jamnaldrande her i Kambodsja er ikkje så stor som vi trudde før vi reiste.
Men nokon smellar har vi gått på: I Kambodsja er det ikkje vanleg å helse på kvarandre ved "handshakes". Men både eg og Rebecca har kvar vår gong tatt oss i å rekke fram handa når vi har helst på nye mennesker. Då har vi blitt møtt med litt forsiktig latter, som er ein vanleg metode for å dekke over andre følelsar her i Kambodsja.
I dag har vi vore på seminar med ei britisk kvinne som heiter Sarah. Ho er gift med ein kambodsjansk mann og har budd i landet i 10 år, så ho veit mykje om landet, kulturen og familielivet her. Ho fortalte at det er ulovleg, ved kambodsjansk lov, å kaste vatn lenger enn 1 meter frå huset ditt. Dette var greit å vite for oss, fordi på terassen vår står det nokon mugger som samler opp vatn frå takrenna. Desse mugene må vi tømme av og til, men vi har ikkje alltid fulgt loven. Ein gang tømte vi vatnet ned i hagen til naboen (dei rapporterte til landlords\'a våre) og ein annan gong holdt vi på å treffe ei av landlords\'a våre i hovudet. Dette kunne faktisk blitt alvorleg, men hvis vi heldt ein lav profil i forhold til naboen vår skal vi nok komme heile heim til Noreg i midten av mars! (Denne setninga blei sett litt på spissen, vi har det bra, og landlords\'a våre er veldig greie og takla denne situasjonen på ein flott måte. Ingen grunn til panikk.) =)
Ein annan ting Sarah lærte oss om Kambodsja var at menn blir sett på som gull - hvis gull blir ureint kan ein berre smelte det om for å gjere det reint igjen. Kvinnene derimot blir samanlikna med kvite laken - når eit laken blir ureint er det veldig vanskeleg å få det skikkeleg reint igjen. Dette illustrere at det er forskjeller på menn og kvinner i den kambodsjanske kulturen, og dette har vi også erfart. Etter at det er blitt mørkt skal kvinnene helst holde seg inne, medan mennene kan gå på bar og spele volleball så lenge dei vil. For aktive og sportie jenter frå Noreg kan det vere ganske frustrerande å sjå nokon i nabolaget spele volleyball når ein veit at det ikkje er akseptert for jenter å vere med. Men vi gjer det beste ut av det og får god tid til å bli betre kjend innad i temaet.
Kan fortelje om ein gong vi fekk erfare den kambodsjanske kulturen i leiligheita vår: Gøril og Rebecca satt på golvet i spissekroken å prata. Det er litt trangt i spisekroken, og kokka vår måtte bort i kjøleskapet for å hente noko. For å komme fram til kjøleskapet måtte ho gå mellom Rebecca og Gøril, og då bøygde ho seg ned. Dette gjorde ho for å ikkje verke overlegen, og det er vanleg i Kambodsja.
Vi er godt i gang med språkopplæringa, og vi har lært korleis vi kan kommunisere med seljarane på marknaden. Men då eg og Rebecca skulle kjøpe nye vanndunkar i går måtte vi bruke både miming og dramatisering når vi skulle kommunisere med seljaren. Ho kunne veldig lite engelsk og vi ikkje så masse khmer. Men vi endte opp med ein bra handel, som vår økonomiansvarlege, Gøril, var veldig nøgd med: Etter å ha komme fram til at vi kunne pante dei tomme vanndunkane våre, fekk vi kjøpt tre nye vanndunkar for tre dollar! Ikkje gale!
Vi kunne skrive mykje meir om Kambodsja, kulturen og alt det vi har opplevd, erfart og lært, men eg trur vi må stoppe her.
PS! Mentoren vår Elke la i dag fram forslag til timeplan for neste veke når vi skal begynne å jobbe! Det gleder vi oss til!
Suss og klem frå Kambodsja













