Jesus loves you

Jesus loves you

Skrevet av Hetlebakke, Aslaug
Postet den 2011-02-17
Forje torsdag, då Gøril og eg sykla heim frå JJ og tråkla oss gjennom mopedar, lastebilar og hull i vegen, kjørte ein moped forbi oss. Dette er ikkje uvanleg. Kvar dag når vi kjører til og frå jobb er vegane fulle av gåande, syklande, tuk-tuk-ar, mopedar, bilar og lastebilar.

Men denne mopeden var spesiell. Bakerst på mopeden satt ein liten gut. 8-9 år gamal. Han hadde på seg ei Kambodsja-kvit t-skjorte, ei t-skjorte som ein gong hadde vore kvit, men som no var meir gul/grå/brun på grunn av støv og leik. På t-skjorta stod det "Jesus loves you".

For eit vitnesbyrd! Tenk, alle som blei forbikjørt av denne mopeden med guten med t-skjorta kunne lese at Jesus elsker deg! Alle kunne ikkje lese det, alle kunne ikkje forstå kva som stod på t-skjorta, men for dei som kunne lese det, for meg, blei det ei stor glede og ei vitaminsprøyte til å vise Guds kjærleik til menneska rundt meg.

Og det er sant. Jesus elskar oss, han elskar akkurat deg! Om du bur i for-tida kalde Noreg eller i eksotiske Kambodsja, og det er så godt å vite – og sjå – at ordet om Jesus sprer seg i Kambodsja og Phnom Penh, landet og byen vi har blitt så glade i.....

I Phnom Penh...
- trenger ikkje ting å skje så fort. Avtaler vi å møte opp kl. 16.00 er det heilt greit å komme kl. 16.30 - og det har vi benytta oss av mange gonger...
- kan ein sjå folk som tar seg ein lunsj-lur i hengekøyer, i tuk-tuk-en sin, under statuar i parken eller framfor monumentet som dei voktar. 
- er der store forskjellar. Nokon bur i høgblokker, medan andre bur i bølgjeblekkskur, nokon kan handle på Sovanna og andre kjøpesenter, medan andre kan berre kjøpe det billigaste på marknaden.
- har vi ein kaotisk trafikk, der det ikkje er så nøye om bremsene virkar, og der det ikkje er uvanleg å møte ein moped lasta med minst 20 levande høner som henger og kakler bak på sykkelen... 
- er det mange som triller rundt på "sjappene" sine - små vogner der dei sel is, egg, "kromkaker", sukkerrøyrjuice, grilla bananer eller potetkaker. Og er det dyrt? Nei, her kan ein få kjøpt 6 deep-fried-bananas for 3000 riel – som er ca. 4-5 norske kroner. 
- Og sist, men ikkje minst - i Phnom Penh har vi fått mange nye, gode vener, opplevelsar og minner som vil følgje oss resten av livet.....

Om de vil kan de vere med å be for...
- Kambodsja 
- situasjonen mellom Kambodsja og Thailand – konfliktane langs grensa
- be for ein konferanse vi skal vere med på i begynnelsen av mars og forberedelsane til den

Og husk: Jesus elsker deg!

Jesus loves you
Powered by Cornerstone