
Møte med Kompot Province
...og reise frå Phnom Penh i ein minibuss med 15 seter, men vi er 18 personar + bagasje. For i Kambodsja fins det ingen grenser for kor mange ein kan presse inn i ein minibuss – her tyter både mennesker og bagasje ut av alle vindauger og dører. Men sjølv om minibussen vår måte startas ved hot-wire-metoden og døra holdt på å dette av då vi skulle tilbake til PP, kom vi oss trygt både fram og tilbake.
Tenk å bu på den kambodsjanske landsbygda...
...der husa ikkje er overfylt med pynt og dill-dall, der det ikkje er mangel på husrom sjølv om ein får 14 ungdommar på besøk, der ein sover på matter på gulvet, der det største rommet i huset (det som vi i Noreg ville kalt stove) inneheldt to sitte/sengebord, eit bord med to små TV-ar, eit skap og nokon bilete på veggen, og der omtrent alle husstandar har sitte/sengebord både ute og inne som dei bruker til alt mogleg: om dagen sitter dei, slapper av og et lunsjen sin der, og om natta sover dei der.
Tenk å bu på den kambodsjanske landsbygda...
... der belysninga er begrensa - eit lysrøyr i kvart rom heldt lenge. Der ein står opp og legger seg saman med sola fordi straumen er dyr eller den kjem frå eit bilbatteri. Der elektrisiteten når lenger og lenger utover og endrar døgnrytmen for dei som har råd til elektrisitet – men dei er fortsatt like tidleg oppe for ellers blir ein sett på som lat.
Tenk å bu på den kambodsjanske landsbygda...
... der dusjen er eit kar med vatn og ei ause - og når ein dusjar fyller ein ausa med vatn og tømmer over seg. Enkelt, men heilt greit!
Tenk å bu på den kambodsjanske landsbygda...
...der ALL maten blir laga frå botnen av! Der dei slakter hønene sjølv, der dei bruker både blodet og alle innvollane som kan etast, der ein maler krydderet sitt sjølv, der sukkerrørjuice, riskaker og "burned potato"er snacks (og forresten very delicious! som dei ville sagt her), der dei lagar risnudlar, og plukker kokosnøtter, mango og andre frukter som gjestane får smake. Her er det ikkje snakk om Toro-posar, filêar rett i steikepanna eller ferdig malt krydder!
Tenk å bu i Kambodsja...
... der familien er veldig viktig, der broren til bestefar og søskenbarnet til mamma er rekna som næraste familie, der 18 år gamle gutar ligg i fanget til mamma om kvelden før dei skulle legge seg og prater om dagens hendingar, der barna er ivrige hjelparar i foreldra sine småbutikkar - til dels fordi dei må vere med å jobbe for å tene nok pengar, men også fordi familien kjem først.
Tenk å bu i Kambodsja...
... der 96,4 % av befolkninga er buddhistar, men der kristendommen er i vekst. Der over 300 barn på landsbygda samlast i kyrkja kvar søndag for å høyre om Jesus som er deira beste ven og frelsar. Der fem uvitande norske jenter må framføre både sangar og sketsj utan forberedingar. (Tusen takk GUS for at de la vekt på at vi må vere fleksible!)
I helga (29.jan – 1.feb) besøkte vi Kompot Province saman med ti av ungdommane frå dormitoria der vi har engelskundervisning. Vi besøkte heimstaden og familiane til Tira og Mary, to av jentene frå dorm\'en. Som de ser hadde vi ei fantastisk helg der vi gjorde mykje gøy, blei betre kjend med venene våre, og der vi fekk sjå og oppleve korleis kvardagslivet er på den kambodsjanske landsbygda. Mandag hadde vi også ein tur til kysten og Rabbit Island. Det var ein kanontur, og det var herleg å sjå havet igjen, kjenne den friske sjølufta og bade!
De kan vere med å be for...
- foreldra til Tira som er buddhistar – at dei skal få møte Jesus.
- ungdommane på dormitoria - studiane, eksamenstida og framtida deira.
- at ordet om Jesus må fortsette å spre seg i Kambodsja.













