Observert i Kambodsja

Observert i Kambodsja

Skrevet av Hetlebakke, Aslaug
Postet den 2011-01-20
Vi er godt i gang med arbeidet igjen etter ferien og har blitt endå betre kjend med landet, kulturen og folka her.

Noko som kan skape stor frustrasjon i teamet, sia alle underviser i engelsk, er uttalen av enkelte ord og lydar når kambodsjanarane skal snakke engelsk. Dei sliter med ein del lydar, spesielt sh-lyden og th-lyden. Dette fører til at «she» blir til «see», «ice» blir til «eye» («Do you wan\'t some eye in your water?»), «think» blir til «sink» og «fish» blir til «fis». Dei har og ein tendens til å kutte lydar eller bokstavar både først og sist i orda. Dette gjer at «teacher» blir til «cher», «nice» blir til «nai» og «paint» blir til «pain». 

Korrupsjon er eit problem i Kambodsja også. Dette har vi erfart. Rett før jul blei veska til Aslaug stjelt og for å få igjen forsikring på det som blei tatt, gjekk Aslaug og Rebecca til politiet for å skaffe papirer på at tinga var blitt stjelt. Medan vi venta på at papiret skulle bli stempla fekk vi eit godt råd frå ein av politimennene: Det var høfleg å gje politisjefen, som skulle stemple papiret for oss, litt penger for den store jobben å stemple eit papir! Det var ingen regel som sa at ein måte gjere det, men det var høfleg og kanskje ville politiet gjere ein ekstra innsats med saken din. Vi forventa ikkje at tyveriet skulle bli fulgt opp noko meir, men vi gav han 5 dollar for vi blei litt usikkker på kva vi skulle gjere... Korrupsjon er også utbredt i den offentlege skulen sjølv om reglane har blitt strengare på dette området. Lærarlønningane er ikkje så høge så dei tar ekstra pengar frå elevane. Ungane må difor betale litt for grunnutdanninga si, og det er ikkje alle som har så god råd... 

Tidleg om morgonen og på kveldstid finn ein store høgtalarar, høg musikk og mange grupper med mennesker langs riverside, på Olympic Stadium og i parkane. Det er treningstid og kambodsjanarane driver med dans/aerobic for å halde seg i form. Her finn ein alt frå tradisjonell khmer-dans til meir moderne khmer-hip-hop (Justin Bieber). Lilly og Aslaug joina ei gjeng mandags kvelden og det var kjekt å sjå på folkelivet. 

I Kambodsja liker ein å tulle og tøyse. Dei finn på frekke kallenamn til kvarandre, fornærmer kvarandre, ler av «spøkane» sine og slår kvarandre. Dessuten synest dei det er veldig morosamt og litt flaut når vi forklarer kva feil uttale av enkelte ord fører til, slik som at «ice» høres ut som «eye» og «ask» høres ut som «ass». 

«No veit eg kvifor kambodsjanarane er så slanke: Istadenfor å ete kaka, kliner dei den i fjeset på kvarandre!» Dette fant Gøril ut etter at vi hadde vert på båttur saman med ungdommane på dormitoria. I Kambodsja bruker ein alle moglegheitar til å ha det moro og gjere noko crazy, så på båtturen ville ein av gutane overraske alle som hadde bursdag i januar. Han hadde tatt med kake og spelte bursdagssangen, men det meste av kaka havna i ansiket og håret på dei som var ombord i båten... 

Så, vekas store happening! I går bakte Aslaug og Gøril brød på «kambodsjansk stormkjøkken» som består av ei lita «grillpotte» og ei keramikkkrukke. Men vi endte no opp med brød og nokon gode lærdommar og tips:
1. Det funker heilt fint å steike brød i ei keramikkrukke. 
2. Ikkje steik brød i aluminiumsfolie – då vil brødet smake aluminium –     og det smaker ikkje godt...!!!
3. Myggspray fungerer godt som tennvæske – bruk same framgangsmåte som med vanleg tennvæske.
4. Aluminiumsfolie, brøddeig, olje, kjele og gassomn er ein dårleg kombinasjon! Skaper stor røykdanning og svart kjele etterpå! 
5. Brent aluminiumsfolie lukter ikkje godt.
Men vi må og seie at brødet var etande (men med ein rar ettersmak) og neste gang skal vi bruke bakepapir istadenfor folie!

Ellers går livet sin gang og vi er gira på å bli endå betre kjend med Kambodsja

Observert i Kambodsja
Powered by Cornerstone