Hei! frå Kambodsja

Hei! frå Kambodsja

Skrevet av Hetlebakke, Aslaug
Postet den 2010-12-16
No auser regnet ned, lyna blinker på himmelen og tordenen ruller over Phnom Penh medan vi sit inne å skriver blogg og observasjonsoppgåver. Sandkassen er nettopp ferdig og kveldsroen senker seg over heimen, beina kribler litt ekstra fordi dei vil ut i det kjølige regnet medan hjerner jobber så det knakar med oppgåva... Livet går sin gang i Kambodsja og vi har hatt ei ny innholdsrik veke...

Ris er veldig sentralt i det kambodsjanske kostholdet, og for nokon kan det bli for mykje av det goda. Så på søndag var Gøril i full sving på kjøkkenet og lagde komle-middag! Vi hadde mentorane våre, Markus og Elke og barna deira, på middagsbesøk og dei fekk smake litt norsk mat. Det vart ein suksess og kvelden blei avrunda med ei utmerka ostekake som Rebecca hadde laga. 

Prosjekt sandkasse til daycaren på Daughters center, der Svanhild og Rebecca jobber, er nesten i boks. Rebecca, Svanhild og Aslaug fekk i oppgåve å pusse opp den gamle sandkassen, men den var både råtten, mygla og fuktig, i tillegg til at den inneholdt alle slag små, rare vesen. Vi konkluderte med at det beste for barna på daycaren var om vi laga ein heilt ny sandkasse... Så, dei siste kveldane har bestått av lakking, lakking, maling, lakking, samanskruing av kassen + litt meir lakking. No står den på terasseen og tørker, ferdig samanskrudd, og venter på den siste finpussen. Og på mandag blir det opning av den nye sandkassa - vi håper at den blir satt pris på... =)

Vi er i full sving på arbeidsplassane. Aslaug og Gøril leiker heile dagen med ungana på JJ og blir litt stiv og støl sidan alle vil "knjom io" (opp på ryggen) eller opp på skuldrene. Men vi koser oss og blir veldig glad når elevane kjem bort og seier farger og former på engelsk som vi har lært dei. Svanhild og Rebecca planlegger og planlegger, og har hatt juleverkstad med elevane på Sunshine Center i Art and Crafts-timane. Dei lager makaronienglar, julekort og mykje meir. På Daughters cafeen underviser dei i engelsk og synger julesanger av full hals. Lilly har fått prøvd seg som engelsklærar aleine denne veka fordi den danske voluntøren som ho jobber saman med har vore sjuk. Ellers har vi det berre bra!

- Denne veka har det vore mykje latter og moro i leiligheita om kveldane. Dette er nok pga at det har blitt nokon seine kveldar og nokon av "bebuarane" blir ganske så overtrøtte utpå kvelden.....
- Rebecca begynner å bli litt bekymra for hørselen til Lilly. Lilly skylder på vegstøvet. 
Rebecca: Lilly, var det du som fikk melding?
Lilly: Ja, vi skal til kopieringsbutikken først.
Rebecca: Lilly, var det du som fikk melding?!
Lilly: Ja, det var fra Lovise.

Bønneemner: 
- Lovise, den danske voluntøren som er blitt sjuk
- Be og takke for dei flotte mentorane våre og familien deira 
- JJ – at dei vil forsette å få pengar til lunsj til ungane 
- Svømmeundervisninga med elevane på Sunshine Center 
- Ungdommane på Daughters cafe + trainee room 

PS! 27.desember går turen til Thailand der grandonkelen til Rebecca har snekra saman eit flott program for juleferien vår der. Det gleder vi oss masse til!!!

Hei! frå Kambodsja
Powered by Cornerstone