
Kom tuk-tuk, kom proh og kom srai,
Jula har komme for fullt til Phnom Penh (slik som omtrent alle andre stader i verda). Utanfor og inne i butikkar, restaurantar, cafèar og skulebygg er det stilt opp julenissar, snømenn og glitter i alle moglege fargar. Glorete julelys og glitter med minst ti ulike fargar er forresten veldig typisk Kambodsja! Men om kambodsjanarane veit kvifor dei «feirer» - eller rettare sagt - markerer jula, veit eg ikkje. Vi har blitt fortalt at dei fleste kambodsjanarar gjer kvarandre gåver i juletida, men eg tviler på at dei veit symbolikken med gåvene – at Gud sendte son sin til menneska for at han skulle frelse oss. Men frelsa er jo for alle.....
I går hadde vi besøk av danske Susanne som er gift med ein kambodsjanar og har budd i landet i elleve år. Ho hadde eit mini-seminar om buddhismen i Kambodsja. Kambodsja er eit buddhistisk land og ca 95% av befolkinga blir rekna som buddhistar. Men før buddhismen kom til landet var hinduismen den leiande religionen, og dette ser ein spor av i dagnes religion i tllegg til at tilbedelse av ånder (animisme + forfedre-spiritisme) er ein del av den kambodsjanske kulturen. Susanne fortalte at ho er veldig interessert i korleis folk tenker og kvifor dei handlar som dei gjer. Difor tok ho kontakt med ein munk, saman med mannen sin fordi kvinner har ikkje lov til å prate med ein munk aleine, for å få svar på spørsmåla sine. Og ho forsikra oss om at dei buddhistiske munkane er open for religionsdialog! Ho peika på ulikheitar og likheitar mellom kristendommen og buddhismen, og gav oss nokon spørsmål som vi kan risikere å bli stilt medan vi er her nede:
Kvifor er du i Kambodsja? Kvifor er du kristen? Kvifor går du i kirka?
Ho bad oss tenke over desse spørsmåla på forhand, for det er ikkje alltid like lett å svare på dei når du får dei kasta midt i fjeset. Ho bad oss også svare frå hjertet (= meir personleg), samtidig som ein må tenke over kva ein svarer slik at ein buddhist kan forstå kva vi meiner. Det er til dømes ikkje lurt å legge ut om misjon og misjonsorganisasjonar når den du pratar med ikkje veit kva det går ut på. Det var veldig interessant å tenke over desse spørsmåla, men også krevande å finne gode svar!
Eg (Aslaug) og Gøril må berre sei at vi storkoser oss på JJ saman med elevane og dei ansatte der. Vi lærer dei engelsk medan dei lærer oss khmer. Dessutan er det veldig interessant å sjå på, observere og lære av ungane når dei leiker. Leikeslossing og boksing synes dei er veldig kjekt (men dei er ganske voldelege av seg, og eg og Gøril prøver så godt vi kan å roe dei litt ned, og få dei til å vere snille med kvarandre...). Men dei driver også med rolegare leikar som klinkekuler, hoppe strikk (strikken er forresten laga av mange gummistrikk som er festa til kvarandre) og dei drar i gang stolleik. Dei har også nokon små kort som dei speler om: først tar dei ein omgang med stein-saks-papir og den som vinner får spele om korta først. Korta ligger i ein bunke og dei slår handa hardt i bakken for å velte kortstokken – dei korta som snur seg er dine. Det er fasinerande å sjå på, men det svir godt i handa når du slår den i bakken...
Jeg (Svanhild) vil og veldig gjerne si at jeg trives både på Daughter\'s day center og kafeen. Det er mye futt i barna våre på day-care\'en. Av og til kjeder de seg litt og da blir det til at de begynner å slå hverandre og så begynner de å gråte, selvfølgelig. Noen av dem er som sagt ganske rampete. Rebecca og jeg prøver så godt vi kan å stoppe dem fra å slå hverandre, men det er ikke alltid like lett. Når det gjelder Daughter\'s center og kafeen har vi alle (Lilly, Rebecca og jeg) tenkt spesielt på fortiden til de unge jentene og guttene som nå jobber der. De har alle sammen hatt en fortid som prostituerte, men har nå kommet inn i Daughters-prosjektet som jobber for at de skal få seg et nytt bærekraftig arbeid. Vi kan ikke forestille oss alt de har opplevd, og likevel virker det som om de er glade.
Ellers har vi skaffa oss sykkel, og heldt på å «integrere» oss i trafikken i Phnom Penh. Og Jippi!, no trenger vi ikkje irritere oss over tuk-tuk som er seine eller som aldri kjem, men heller om tuk-tuk-ar som kjem sjølv om dei ikkje skal... jaja, det er ikkje alltid like lett med kommunikasjonen her nede.....
Vi vil avslutte med ein adventssang vi har laga til ære for Phnom Penh:
Melodi: Blåfjell-sangen
Kom tuk-tuk, kom proh og kom srai,
snart kommer jula til Phnom Penh - klinger i hus, klinger i skur.
Hei-ho, må denne dagen bli god,
den 9-ende dagen i desember.













