Fiss - Water Vegtabel and Jew

Fiss - Water Vegtabel and Jew

Skrevet av Hetlebakke, Aslaug
Postet den 2010-12-01
Hei alle saman, korhen de er i verda!

(Forklaring til overskrifta: litt språkforvirring og uttale-feil ute å går...

Fiss = fish, Water Vegtabel = Water Festival, Jew = you...)

Her kjem ein dobbel oppdatering frå Kambodsja, som inneheldt både "Møte mellom mennesker/kultur" og ein oppdatering på det vi har gjort sidan sist. Forje torsdag reiste vi på besøk til ein khmer-familie og budde der heile helga, det er grunnen til at vi ikkje fekk skrive blogg forje veke - vi hadde ikkje tid. Men no er nettet tilbake til leiligheita, så no er det på tide å gje litt liv frå seg. 

Den siste veka har det vore ein del fokus på ulykka som skjedde under Water Festival, der over 350 mennesker blei drepen og like mange blei skada. (Kan presisere at ingen av jentene på teamet eller nokon av dei vi kjenner her nede blei ramma av ulykka. Det er positivt, og vi takker Gud for det!) I den kambodsjanske kulturen er det ein del fokus på ånder og åndene til forfedrane. Etter tragedien på brua har vi sett mykje ris, frukt og røykelsespinnar som har lagt igjen i gatene etter ofring. Dette gjer dei pga at folket er redd for at åndene til dei som døydde skal komme å plage dei gjenlevande. 

Då vi var på besøk i helga fekk vi vere med å be for ei av kvinnene som budde i huset. Ho hadde nemleg vore sjuk ei stund, klarte ikkje ta til seg mat og legane veit ikkje kva som er årsaken til dette. Kvinna var også redd for at det var ei ånd som hadde flytta inn i henne fordi ho hadde så store problemer med magen. I Kambodsja kan ein nemleg gå til ein person som kan sende ei vond ånd over nokon ein ikkje liker. Familien er veldig bekymra for henne, og dei ba oss vere med å be for henne. Når vi lever i ein slik kultur er det godt å vite at Gud er sterkare enn alt det vonde og at vi er trygge i han!

Ellers har jula og adventstida komme til Phnom Penh. På skulen der Aslaug og Gøril jobber, har juletreet stått framme sidan midten av november. Ellers ser ein juletre, julelys og julenissar rundt omkring i byen, og i helga pynta vi plast-juletre saman med familien vi budde hjå. 28.november var vi på julemesse. Dei som hadde boder der var organisasjonar som driv prosjekt for å hjelpe kvinner med lite midlar til å skaffe seg eit bærekraftig arbeid, slik at dei kan vere med å forsørge familien sin (= fair-trade). I byen finn ein også ein del cafear og små butikkar driven av desse organisasasjonane, der inntektene går til å støtte kvinnene. Då kan ein gå på cafe og kose seg, samtidig som ein er med å støtter eit bra prosjekt. Det er veldig positivt! =) 

Litt fun-stuff:
- Kambodsjanarar kan ikkje uttale sh-lyden. Dette er eigentleg ganske frustrerande (vertfall for lærarane), men også ganske morosamt... Forje veke skulle Aslaug og Gøril lære barna på JJ å seie "fish". Det kom veldig mykje løye ut av denne timen. Fish blei til "FI", "FISS" og "WISH" (sh-lyd, men v istadenfor f.....)
- I dag (1.desember) endte Aslaug og Gøril opp heilt blå i ansiktet etter siste timen, vi såg rett og slett ut som to smurfar. Grunn: svamp m/blå tusj-krig med elevane. =) 
- Då vi var på besøk i helga og satt og såg rett framom oss i stova (gjester skal helst berre sjå på medan verten gjer ALT for deg) merka vi at det var lekkasje på det eine badet, og vatnet flaut rundt i huset. Yes, endeleg litt action, tenkte dei fem norske jentene, og vi fekk faktisk lov til å vere med å tørke opp vatnet. =D 

Ellers har vi det berre bra. Er ein del forkjølelse ute å går (air-condition smitta Aslaug, og etter det har ein og ein blitt forkjøla...), men ser ut for at dei fleste er på betringens veg. Aslaug, Gøril og Svanhild var ein liten tur i himmelen på laurdag då vi fekk vere med på fotballkamp, og spele fotball med gras under beina igjen. Aslaug fekk også sin debut på fotballaget MSF (som første jente - sport er ikkje så vanleg for jenter i Kambodsja), og slo til med målgjevande pasning. Lilly synes at jobben hennar er veldig inspirerande, og Rebecca og Svanhild får brukt kreativiteten i sitt arbeid. 

Bønneemner:
- At vi kan bli kvitt forkjølelsen vår.
- Kvinna som vi besøkte i helga som er sjuk og redd for vonde ånder.
- Jehova Jireh (skulen der Aslaug og Gøril jobber)
- Daughters (organisasjonen der Svanhild, Rebecca og Lilly jobber)
- At fleire kan få bli kjent med Jesus her i Kambodsja. 
- Alle dei som blei ramma på ein el. annan måte av ulykka under Water Festival. 

På gjensyn! 

Fiss - Water Vegtabel and Jew
Powered by Cornerstone